lørdag 29. mai 2010

Framlegg torsdag

Hei 3mkma. Mange gode innlegg om språk og kultur. De som ikkje har skrive blogg enno, eller ikkje har kommentert andre sine bloggar, må gjere dette innan onsdag. Torsdag skal de presentere problemstillinga de har fått for meg og dei andre i klassen. Dette er siste munnlege vurdering før eg og Wenche set standpunktkarakter i munnleg norsk, og difor viktig. De får bruke Wenche sine timar tirsdag til å førebu dykk.

Framlegget skal vere mellom 5 og 10 min.

I tillegg skal alle lære seg minst tre dialektkjenneteikn/målmerke for

a. Austnorsk
b. Vestnorsk
c. Nordnorsk
d. Trøndersk

De finn desse i teoriheftet

mandag 10. mai 2010

Oppgåve 1

Fordeling av oppgåver:

De skal skrive eit innlegg på min 250 ord kor du forsøker å svare på problemstillinga. Deretter skal du kommentere minst fire av innlegga til medelevane dine.

Lærestoffet finn de i heftet Teori om språk og kultur (ITSlearning), i lærebøkene og på nettet

Espen - Kvifor står dei dialektane framleis så sterkt i Noreg? Forklar

Siv Helen - Kva tyder det at norsk skriftspråk har stor valfridom? Gje døme på dette.

Lina - Kva nasjonale minoritetsspråk finst i Norden? Korleis har tilhøva for samisk språk vore i Noreg dei siste århundra. Korleis er det i dag?

John Gustav - Er det berre i Norden me forstår språka i nabolanda? Gje døme

Ann Kristin - Kva faktorar kan påverke talemålet vårt, og kva omgrep brukar me på desse faktorane? Gje døme frå eige dialektområde

Anne Marthe - Kva er dei grammatiske hovudforskjellane på norsk, svensk og dansk?

Åshild - På kva måtar blir norsk påverka utanfrå? Kva er det som gjer at vi lånar ord og talemåtar frå andre språk?

Anders - Gje døme på lydar som er i ferd med å endre utbreiing eller uttale i norsk talemål. Kvifor skjer desse endringane?

Sesilie - Kan du finne døme på ord og uttrykk som besteforeldre/foreldre brukte, som du ikkje brukar no. Kvifor har denne endringa skjedd?

Tone Iren
- På kva måte utviklar grammatikken seg i Noreg?

Svend Vetle
- Nyord kjem heile tida. Gje døme på korleis desse etterkvart blir ein del av dalgegspråket. Kan du komme på nokre heilt nye nyord?

Benjamin - Sei litt om historien og utviklinga til dei nordiske språka.

Liv Sara
- Kva handla deklarasjonen om felles nordisk språkpolitikk om? Forklar

torsdag 6. mai 2010

Språk og kultur - eit bloggforsøk

Velkommen til norskbloggen min. I veke 19-21 skal 3mkma jobbe med språk og kultur med utgangspunkt i denne sida.

Lærestoffet finn de i heftet Teori om språk og kultur, som de finn på ITS (Elin/veke 18-22 språk og kultur), og i lærebøkene.

Måla for denne perioden er:
  • Drøfte sider ved norsk språkpolitikk og kulturutvikling i eit globaliseringsperspektiv
  • Gjere rede for forhaldet mellom munnleg og skriftleg språk og for særtrekk ved eit utval norske talemålsvariantar
  • Gjere rede for norsk språkdebatt og språkpolitikk frå 1830-åra til vår tid.
  • Samtale om utviklingaav samisk kultur i lys av norsk språk- og fornorskingspolitikk
  • Beskrive og samanlikne språksituasjonen og språkpolitikken i dei nordiske landa.
Oppgåve 1

Skriv eit blogginnlegg om temaet du får tildelt. Innlegget skal vere minst 250 ord. Dette er ei individuell oppgåve.

Oppgåve 2
Skriv ein fagleg kommentar til minst fire av innlega til dei andre i klassen.

Oppgåve 3
Dialektar: Høyr dialektklippet du får utdelt. Forsøk å heimfeste dialekta ved hjelp av dialektkjenneteikna du har lært (sjå i Spenn og PP som ligg på ITS om du er usikker)
Legg klippet ut på bloggen din (link) slik at andre også kan høyre på det.
a. Plasser dialekta i riktig landsdel (nord, vest, aust, trøndelag)
b. Plasser dialekta i riktig fylke, eller ennå nærare, om du greier.



Oppgåve 4
Kommenter minst to av dei andre sine dialektbloggar fagleg (kanskje er du ikkje einig i kor dei heimfestar dialekta)

Oppgåve 5
Førebu eit framlegg på 10 min om temaet du fekk utdelt i oppgåve 1. Kanskje du fekk nyttige tips frå dei andre undervegs?

Munnleg framlegg 27.5